Om prosjektet

Høgskolen i Bergen vil med Klimahuset skape en arena for praktiske øvinger og prosjekter, som et supplement til teoretisk undervisning.

Klimahuset skal både være et laboratorium og et synlig og tilgjengelig signalbygg for energieffektiv bygging.

Les mer om bakgrunnen for prosjektet.

11. mars 2010

Passivhusstandard kan komme raskere enn ventet

0 comments


Ill. Passivhus.no.
Ein rapport Mulitconsult/Sintef Byggforsk frå syner at energieffektive passivhus kan bli standard for nye bygg allereie om tre til fem år.

- Det er eit interessant innspel i arbeidet vi no gjer for å få meir energieffektive bygg. Eg har ambisjonar om at energibruken i bygg skal halverast innan 2040, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa har sagt at alle nye bygg skal ha så kalla passivhusstandard innan 2020. Rapporten frå Mulitconsult/Sintef Byggforsk syner at under visse føresetnader kan alle nye bygg vere passivhus allereie i 2013-2015. Passivhus brukar om lag 75 prosent mindre energi til oppvarming enn tradisjonelle bustader.

Rapporten peikar også på at det kan vere ein fordel om forskriftene stiller krav om passivhusstandard utan å gå vegen om ein opptrappingsplan, slik ein tidlegare har tenkt. Heile 3000 passivhus er for tida under planlegging og vurdering. Navarsete meiner det kan vere eit teikn på at ein kan ta neste steg raskare enn ein trudde for berre eit år sidan.

- Vi har lenge oppmoda byggjenæringa til å førebu seg på stadig strengare energikrav. Arbeidsgruppa eg sette ned før jul i fjor vil sjå på korleis vi best kan få til meir energieffektive bygg i praksis seier statsråden.

Arbeidsgruppa sitt mandat er å sjå på kva mål ein kan setje for energieffektiviseringa, og vurdere tiltak og verkemiddel både for nye og eksisterande bygg.

Gruppa skal levere si innstilling innan 1. juli 2010.

Passivbygg som forskriftskrav i 2020. Multiconsult Sintef Byggforsk (pdf).

Arkitektur & Miljøteknologi

 

Revolution Two Church theme by Brian Gardner Converted into Blogger Template by Bloganol dot com | Free Blogger Templates created by The Blog Templates