I klimaforliket skisserte regjeringa ein ambisjon om at alle nye bygg i 2020 skal vere passivhus; ein hustype som nesten ikkje treng energi til oppvarming.
Det går sakte framover: Frå 1. august 2009 vart nye energikrav obligatoriske gjennom forskriftsendringar til Plan- og bygningslova. Desse krava reduserer energiforbruket med ein fjerdedel og gjeld både for privathus og næringsbygg.
1. juli 2010 skal det innførast nye krav til energiforbruk i næringsbygg. Det skal stillast krav til varmegjenvinning frå ventilasjonsluft, og det vil komme minimumskrav til fasadar for å redusere bruk av glasbygg.
Forskingsleiar Marit Thyholt ved SINTEF Byggforsk vil ikkje karakterisere dei nye krava i lovverket som for svake, sjølv om dei berre er eit lite skritt på vegen for å nå målsettingane i klimaforliket.
- Når regjeringa signaliserer at passivhus kan bli standard i 2020, er dette eit svært sterkt signal til næringa. Både byggenæringa, SINTEF Byggforsk, NTNU, Husbanken og Enova er no svært opptatt av å utvikle og ta i bruk nye og meir miljøvennlege løysingar. Det skjer ei kolossal utvikling på dette feltet, og det leggast store ressursar i det. Vi er nøydde til å komme opp med marknadsattraktive løysingar.
CICERO